Digitale spørjetenester

Kva spørsmål får vi i 2010? Kan/bør vi gjere noko for å påverke spørjarane? Kven svarer på spørsmåla?

Gudmund Valderhaug, ABM-utvikling


I filmen Star Wars, Episode II. Attack of the Clones er det ei scene der Jedi-meisteren Obi-Wan Kenodi er i arkivet for å finne opplysningar om et fjernt planetsystem med namnet Kamino. Dette finst ikkje på noko kart. Arkivaren, madame Jocasta Nu, gjer eit søk for han, men må melde:

- "Eg beklagar, men det systemet du leitar etter eksisterer ikkje."
- "Det er umuleg," seier Obi-Wan. "Kanskje arkivet er ufullstendig?"

- "Arkivet er allomfattande og fullstendig sikkert, min unge Jedi," svarar arkivaren.
- "Ein ting kan du vere absolutt trygg på: Dersom noko ikkje finst i våre arkiv, så eksisterar det ikkje!"


Vi ler. Kvifor ler vi? Fordi tanken på det allomfattande og fullstendig sikre arkiv verkar latterlig på oss? Eller er det kanskje ikkje så latterlig når vi tenkjer etter?

Når Erling Folkvord, etter å ha søkt om å få sjå mappa si, får beskjed om at han ikkje har nokon mappe, altså har han ikkje blitt overvaka - er ikkje det eit døme på den same haldninga som madam Jocasta Nu gir uttrykk for?

Allereie dei gamle romarane sa "qued non est in actis, non est in mundo" ("det som ikkje finst i dokumenta, finst ikkje i verda").

Arkiv er makt. Under dei siste Balkan-krigane var det eit ledd i den etniske reinsinga å øydeleggje arkiv som dokumenterte eigedom og medborgarskap. Her i landet kan vi tenkje på dei forsvunne arkivdokumenta frå for eksempel Svaneviken arbeidskoloni eller frå Morgensol barnehjem i Bergen, som kunne ha dokumentert overgrep og gitt ofra høve til oppreising.

Blir du fjerna frå arkivet, så finst du ikkje: Du mistar (nokre av) dine rettar. Finst du i arkivet, kan du bruke det for å få det du har rett til. Etter kommunismens fall i Aust-Europa opplevde arkiva ein straum av menneske som ville få dokumentert eigedom som hadde blitt nasjonalisert.

Madam Jocasta uttrykkjer altså makta til arkivet når ho svarar som ho gjer.

Det er anna ting som slår meg ved episoden frå Star Wars: Kvifor går Obi-Wan til arkivet for å finne ut dette? Kvifor leitar han ikkje etter opplysningane andre stader? Kvifor brukar han for eksempel ikkje spørjetenesta "Ask Jocasta" på www.starwars.com? Kvifor må han oppsøke den levande Jocasta? Openbart fordi han ikkje kan finne fram opplysningane sjølv.

Er det slik at vi treng eit mellomledd mellom arkivet og den som spør, ein formidlar som kan frigjere arkivet sitt potensial for spørjaren? I mange tilfelle gjer vi det.

Arkivdokumenta inneheld spor etter menneskelege aktivitetar før og no, men dei fortel ikkje "sanninga" om desse aktivitetane. Det finst ikkje ei Historie, men mange historier. Dokumenta er partsinnlegg, dei gir arkivskaparen sin versjon av det som skjedde. Dokumentet ikkje berre registrerer ei hending, det kan skape den, gjere den til noko meir.

Tenk berre på bildet av kong Haakon og kronprins Olav ved kongebjørka, som vart tatt i april 1940. Historia om bildet, slik den no blir fortalt på Internett - m.a. på Nordisk ministerråd sine heimesider -, går ut på at dei søkte tilflukt mot tyske bombefly under denne bjørka. Men det ikkje mykje ved bildet som tyder på det, det er openbart eit oppstilt bilde, laga for å symbolisere motstand, ikkje flukt. Og i krigsåra vart dette bildet nettopp eit motstandssymbol.

Arkivdokument kan berre forståast når vi kjenner til deira opphavlege kontekst, kvifor, korleis og av kven dei vart skapt. Teksten "Well done" i ein e-mail seier oss ingenting. Men når vi kjenner konteksten blir det noko anna: Dette var ei melding i e-postsystemet til det kvite hus, frå John Poindexter, som svar på ein rapport frå ein underordna om Oliver North's sitt falske vitemål under Iran-Contras høyringane i Kongressen. Konteksten til meldinga gjorde at den seinare kunne nyttast som bevis på North sine løgner og Poindexter sitt kjennskap til dette.

Vi treng faktisk ofte ein arkivar, som ikkje berre kan finne fram det vi spør etter, men opplyse oss om dokumenta sin kontekst, og vilkåra for at dei vart skapt og i kva samanhengar det skjedde. Men arkivaren kan vere både maktperson og tenar, og bidra anten til å stengje ute eller inkludere.


Eg er ein av tre nytilsette leiarar for utviklingsavdelinga i ABM-utvikling - Statens senter for arkiv, bibliotek og museum. Det står i programmet at eg skal seie noko om framtida til digitale spørjetenester. Då eg vart beden om å snakke her, understreka eg at eg ikkje ville kome med ei einaste forpliktande programerklæring om kva ABM-utvikling kan bidra med på dette området. Eg skal halde dette løftet, - nesten…

I staden har eg valt å starte med å problematisere den rolla vi går inn i når vi svarar på spørsmål frå publikum. Vi står i ein maktposisjon i forhold til spørjaren, fordi vi kontrollerer tilgangen til informasjonen ho ønskjer å få innsyn i.

Vi veit meir om kjeldene enn spørjaren, vi veit om ho kanskje ville få betre svar andre stader enn hos oss, og vi kan velje kor mykje av vår tid og vår kunnskap vi vil dele med vedkommande. Og når vi vel ut materiale for digital tilgjengeleggjering, stiller vi nokre få dokument på pidestallen og forviser dei andre til det yttarste mørkret.

Eg vil tru at denne posisjonen kan vere relativt lik om vi jobbar i arkiv, bibliotek eller museum. Eg har mi fortid i arkiv, og tar i det følgjande utgangspunkt i mine erfaringar frå tilgjengeleggjering av arkivmateriale.

Den tradisjonelle tilgjengeleggjeringa av arkiv har hatt ein ganske høg terskel. Du går til arkivet, henvender deg i skranken, får lagt fram ditt ærend, blir registrert og må skrive under på teieerklæring, får utlevert ein katalog som det kanskje ikkje er så lett å orientere seg i, ber om hjelp for å finne fram i katalogen, får det, og så får du kanskje til slutt bestilt det du vil ha. Kanskje får du det same dagen, men ikkje alt - talet på arkivstykke du får i ei vending er avgrensa, må vite. Så opnar du pakken og oppdagar at dokumenta er skrive med gotisk handskrift…og snart er det kveld.

Eg trur alle ser at denne måten å ta i mot arkivbrukarar (kan vi kalle dei spørjarar?) på kanskje ikkje er den beste. Men denne tungvinte, byråkratiske framgangsmåten har også nokre gode sider: Du kan spørje, detaljert og lenge. Og du kan få svar. Du kan få svar på spørsmål som du ikkje hadde kunnskap til å stille då du kom.

Ein god arkivar vil kunne informere deg om korleis forvaltningsansvaret for det du spør om har blitt flytta rundt i statleg og kommunal administrasjon i løpet av dei siste 200 åra. Han vil kunne fortelje deg i kva arkiv det finst informasjon og om du kan få opplysningar også i andre institusjonar. Han kan gi deg informasjon som gjer deg betre i stand til å forstå arkivdokumenta når du les dei.

Å overføre desse funksjonane til den digitale arenaen kan vere vanskeleg. Dei forsøka som er gjort på digital tilgjengeleggjering av arkiv har vel berre i nokon grad klart å formidle både arkivdokumenta og den kontekstinformasjonen som trengst for å forstå dei. Det er lett å få inntrykk av at det dokumentet du får fram på skjermen er "alt" og at det fortel den historiske sanninga.

Men det er ikkje slik: Dokumentet er som regel eitt av fleire bevarte dokument, det er som oftast eit partsinnlegg, og dei dokumenta som er bevart er ofte berre ein (liten) del av dei som opphavleg vart skrivne i samband med ei sak. Og i mange samanhengar fanst det involverte som ikkje var i stand til å feste sine synspunkt på papir, og som difor ikkje kjem til orde gjennom arkiva.

Flytting av tilgjengeleggjeringsarena frå lesesalen til Internett fører dessutan til at arkiva møter nye brukargrupper, med andre føresetnader enn dei tradisjonelle lesesalgjestane. Lesesaltravarar vil ha ein viss kjennskap til historisk metode og kjeldekritikk. Dei nye internettbrukarane har truleg ikkje det.

Både denne situasjonen, og vanskane med å formidle arkivdokument og kontekst, stiller arkiva overfor metodiske problem som det så langt ikkje har utvikla gode svar på. Her er det behov for forsking og utviklingsarbeid, og dette vil vere eit område der ABM-utvikling kanskje kan bidra.

Tilgjengeleggjering av arkiv på Internett bør difor supplerast med ei spørjeteneste, der brukarane kan stille sine eigne spørsmål til arkivinstitusjonen, og få svar som gjer dei betre i stand til å forstå og bruke materialet. Ei slik spørjeteneste bør også rettleie brukarane før dei stiller spørsmål, hjelpe dei til å stille dei rette spørsmåla. Det er fleire grunnar til at dette er nødvendig:

Mi erfaring med arkivbrukarar tyder på at det er relativt få som har klare førestillingar om opplysningane dei er ute etter finst i eit kommunalt eller eit statleg arkiv - eller for den del i eit bibliotek eller museum. Spørjaren spør sjeldan etter opplysningar frå eit bestemt arkiv, men vil vite noko om eitt eller anna emne. Om informasjonen finst i eit arkivdokument, i ei bok eller i ein museumskatalog, spelar liten rolle. Ho stiller sine spørsmål som om det verkeleg eksisterte eit altomfattande og fullstendig sikkert arkiv, der alle slags opplysningar låg lagra.

Vi veit at noko slikt arkiv ikkje finst, i staden har vi mange institusjonar innanfor ABM-områda som sit med sine bitar av samfunnet sine felles kunnskapsressursar og av det kollektive minnet. Spørjaren ønskjer tilgang til alt dette, ein stad - kan vi gi henne det? Er det mogleg å byggje opp ein felles inngang f. eks. til alt som finst av historisk dokumentasjon i både arkiv, bibliotek og museum? Ein nettstad der eg kan søke på eit ord, få vite litt meir om det eg spør om, og bli vist vegen vidare til dei institusjonane som har dokumentasjon om dette emnet?

Å orientere seg i Internettet kan vere vanskeleg. Det er ikkje gitt at du vil finne fram til den nettstaden der du kan få svar på dei spørsmåla du har. I dag finst det mange små og nokre større nettstader der du kan få opplysningar om kva som finst i ulike arkiv. På dei fleste av desse kan du søke i elektroniske arkivkatalogar.

Nokre - svært få - tilbyr svartenester i eit eller anna omfang, gjerne knytt til eit diskusjonsforum. Dette er t.d. tilfellet for Digitalarkivet ( www.digitalarkivet.no), der slektsforskarar kan søke gjensidig og profesjonell hjelp.

Denne tenesta har ein stor fordel i at deltakarane kan gå inn i samtalar som gjennom ei rekkje spørsmål og svar kan føre fram til den kunnskapen folk er ute etter. Ei slik teneste vil nok vere avhengig av at det er ei relativt stor gruppe menneske som deltar, og er difor neppe nokon aktuell løysing for ei generell spørjeteneste om historisk dokumentasjon.

Bergen byarkiv er i ferd med å utvikle ei netteneste ( www.oppslagsverket.no), som skal liggje mellom brukarane og arkivkatalogane og arkivinformasjonen. Denne er bygd opp kring emneord, som gir tilgang til ein kort artikkel om det aktuelle emnet, skanna døme på arkivdokument eller foto, og referansar til litteratur, andre arkiv der ein kan finne dokumentasjon og byarkivet sine eigne arkivkatalogar.

Eg synest at denne løysinga verkar spennande, fordi den plasserer arkivdokumentasjonen i sin historiske samanheng og gir spørjaren kunnskap til å formulere nye spørsmål som kan førte henne vidare mot dei svara ho er ute etter. Det som manglar i denne tenesta er å gi spørjaren høve til å stille sine eigne spørsmål til byarkivet.

Eg har ein liten draum om at vi i 2010 skal ha kome så langt at vi har utvikla ei felles netteneste for tilgang til ulike typar historisk dokumentasjon, kanskje også om fleire område, der folk kan få stille sine spørsmål og få svar. Behovet for ein felles inngang til slikt materiale er utan tvil til stades, både blant "vanlege folk" og "forskarar".

Å utvikle noko slikt vil krevje samarbeid, nybrottsarbeid og utviklingsarbeid. Men eg kjenner meg på rimeleg trygg grunn når eg seier at ABM-utvikling vil vere ein viktig samarbeidspart i dette arbeidet.


 


Gudmund Valderhaug 2003/02/10
Nettpublisering ved Tord Høivik - 2003/02/10