- Bibliotekets rolle i informasjons- og kunnskapssamfunnet
- Biblioteket som kulturinstitusjon i bred forstand
- Bibliotekets rolle i kunnskaps- og informasjonsforvaltning
- Et differensiert og tidstilpasset landsdekkende nettverk
- Biblioteket som formidlingsarena og møtested
- i et utvidet kultur og utdanningsperspektiv
- i et ABM-perspektiv
- for å fremme lokaldemokratiet
- Bibliotekets mulighet for å fremme flerkulturell forståelse
- lokal
- nasjonalt
- globalt
- Et sømløst bibliotektilbud
- Konkretisert i biblioteket som læringsarena
|
- Eit overordna siktemål er å identifisera og konkretisera
dei framtidige utfordringane for biblioteksektoren tufta på ei
grunnleggjande drøfting av kva rolle biblioteket skal
spela i informasjons- og kunnskapssamfunnet, m.a. kva det vil
ha å seia for biblioteket at stadig meir informasjonssøking
ser ut til å skje over Internett.
- Utgreiinga skal vurdera både dei funksjonar biblioteket kan
fylla som kulturinstitusjon i vid forstand og meir
spesielt innanfor kunnskaps- og informasjonsforvaltning.
- Eit delspørsmål vil vera å vurdera kva rolle biblioteket
kan spela som møteplass for barn og unge, særleg for utsette
barne- og ungdomsgrupper som til dømes innvandrarjenter.
- Utgangspunktet skal vera visjonen om eit saumlaust bibliotektilbod,
m.a. slik dette kan tenkjast konkretisert gjennom utviklinga av eit
digitalt bibliotek. Innhaldet av desse omgrepa må nærmare
drøftast, og det må gjerast greie for kor langt det er
prinsipielt ønskjeleg og praktisk mogleg å gå i å
realisera visjonen om eit saumlaust bibliotektilbod på kort og
lang sikt. Det bør her leggjast vekt på å identifisera
ulike typar av hinder som står i vegen for ei utvikling i retning
av eit slikt bibliotektilbod, og å skissera i kva grad og på
kva måte ein realistisk kan overkoma slike hindringar.
- Det skal greiast ut korleis ein kan utvikla og modernisera det landsdekkjande
nettverket av folkebibliotek slik at det kan gje eit differensiert
og tidstilpassa tilbod til ulike brukargrupper. Her må det inngå
ei nærmare vurdering av mobil bibliotekteneste.
- Det må vurderast korleis folkebiblioteket kan utviklast som
formidlingsarena og møtestad i eit utvida kultur- og
utdanningsperspektiv, i eit abm-perspektiv
og som instrument for å fremje lokaldemokratiet.
- Ein skal òg sjå på kva rolle biblioteket kan spela
i eit lokalt, nasjonalt og globalt perspektiv for å utvikla større
gjensidig kunnskap og forståing mellom ulike grupper i eit stadig
meir fleirkulturelt samfunn.
- Det skal undersøkjast nærmare i kva grad studentar ved
universitet og høgskolar nyttar folkebiblioteka i studiearbeidet
sitt. Det saumlause biblioteket må konkretiserast i ei utreiing
om bibliotek som læringsarena i eit samarbeid
mellom folkebibliotek, skolebibliotek og bibliotek i høgare utdanningsinstitusjonar.
Kilde. PDF |