Makt, ansvar og forutsetninger
- Det skal gjennomførast eit utgreiingsarbeid om sentrale problemstillingar
på bibliotekområdet. Dette skal skje med ABM-utvikling som
hovudaktør og koordinerande instans.
- Ei referansegruppe oppnemnd av Kultur- og kyrkjedepartementet
i samråd med Utdannings- og forskingsdepartementet skal sikra
medverknad frå relevante fagmiljø og god samfunnsmessig
forankring.
- Det skal takast omsyn til dei premissane som er lagde til grunn i
abm-meldinga, kulturmeldinga og andre
relevante grunnlagsdokument, jf. også Innst. S. nr. 155 (2003-
2004).
- Det bør trekkjast vekslar på tidlegare utgreiingar
og relevante utviklingstrekk i andre land der dette
framstår som tenleg.
Tekstproduksjon
- Utgreiingsarbeidet skal organiserast og gjennomførast mest
mogleg fleksibelt, slik at ulike delspørsmål kan løysast
under vegs. Det må følgjeleg leggjast vekt på tett
og god koordinering mellom utgreiingsarbeidet og det
strategiske utviklingsarbeidet som er ei vedtektsfesta hovudoppgåva
for ABM-utvikling, jf. m.a. prosjektet eit norsk digitalt bibliotek.
- Eit hovudformål med utgreiingsarbeidet er å utforma eit
overordna strategidokument som skisserer ein plan for
heilskapleg utvikling av ein samla biblioteksektor og for samarbeid
med arkiv- og museumssektoren der dette kan vera formålstenleg.
- Strategiplanen bør ha ei todelt innretning, ein hovuddel som
trekkjer opp prinsipielle mål og visjonar, og
ein annan hovuddel som drøftar nødvendige modifikasjonar
og skisserer realistiske gjennomføringsstrategiar
i eit meir kortsiktig perspektiv.
- Avgrensa utgreiingsoppgåver kan eventuelt gjennomførast
heilt eller delvis av eksterne aktørar, men ABM-utvikling må
også her ha det overordna koordineringsansvaret.
- Strategidokumentet bør liggja føre innan 1.
mai 2006.
Begrepsrammer
- Eit overordna siktemål er å identifisera og konkretisera
dei framtidige utfordringane for biblioteksektoren tufta på ei
grunnleggjande drøfting av kva rolle biblioteket
skal spela i informasjons- og kunnskapssamfunnet - m.a. kva det vil
ha å seia for biblioteket at stadig meir informasjonssøking
ser ut til å skje over Internett.
- Det skal gjerast ein samla analyse av heile det norske biblioteklandskapet
i eit funksjonelt og samfunnsmessig perspektiv. Det skal leggjast særleg
vekt på å gjennomgå og gjera ei samla vurdering av
ulike typar av politisk-administrative verkemiddel
på biblioteksektoren, både organisatoriske, informative,
økonomiske og legale, og kva rolle ulike verkemiddel kan spela
i eit strategisk utviklingsperspektiv.
- Utgangspunktet skal vera visjonen om eit saumlaust bibliotektilbod,
m.a. slik dette kan tenkjast konkretisert gjennom utviklinga av eit
digitalt bibliotek. Innhaldet av desse omgrepa må nærmare
drøftast Det må gjerast greie for kor langt det er prinsipielt
ønskjeleg og praktisk mogleg å gå i å realisera
visjonen om eit saumlaust bibliotektilbod på kort og lang sikt.
- Alle verkemiddel må vurderast kritisk i lys
av dei funksjonar dei etter føresetnaden skal fylla, og ikkje
som mål i seg sjølve. Alternativ til etablerte ordningar
bør derfor drøftast.
- Som utgangspunkt må hovudtrekka i gjeldande ansvarsfordeling
mellom forvaltningsnivå leggjast til grunn.
Hele sektoren
- Det må også drøftast korleis ein kan leggja til
rette for framtidig kompetanse- og teknologiutvikling,
m.a. korleis ein kan få til ei betre samordning av dei mange nettbaserte
ressursane i biblioteksektoren, m.a. dei bibliografiske databasane.
- Det må leggjast vekt på å finna løysingar
for heile biblioteksektoren som inneber ei optimal utnytting av dei
ulike funksjonar ABM-utvikling og Nasjonalbiblioteket
kan fylla. Dette krev nær kontakt mellom dei to institusjonane
- Det bør også gjerast ein analyse av dei norske biblioteka
sin plass i internasjonalt biblioteksamarbeid.
Folkebibliotek
- Utgreiinga skal vurdera både dei funksjonar biblioteket kan
fylla som kulturinstitusjon i vid forstand og meir
spesielt innanfor kunnskaps- og informasjonsforvaltning.
- Eit delspørsmål vil vera å vurdera kva rolle biblioteket
kan spela som møteplass for barn og unge, særleg
for utsette barne- og ungdomsgrupper som til dømes innvandrarjenter.
- Det må vurderast korleis folkebiblioteket kan utviklast som
formidlingsarena og møtestad i eit utvida kultur- og
utdanningsperspektiv, i eit abm-perspektiv
og som instrument for å fremje lokaldemokratiet.
- Det skal undersøkjast nærmare i kva grad studentar ved
universitet og høgskolar nyttar folkebiblioteka
i studiearbeidet sitt.
- Ein skal òg sjå på kva rolle biblioteket kan spela
i eit lokalt, nasjonalt og globalt perspektiv for å
utvikla større gjensidig kunnskap og forståing mellom ulike
grupper i eit stadig meir fleirkulturelt samfunn.
- Det skal greiast ut korleis ein kan utvikla og modernisera det landsdekkjande
nettverket av folkebibliotek slik at det kan gje eit differensiert
og tidstilpassa tilbod til ulike brukargrupper.
- Her må det inngå ei nærmare vurdering av mobil
bibliotekteneste.
Fagbibliotek
- Det skal greiast ut korleis fag- og forskingsbiblioteka i samhandling
med eigarinstitusjonane sine kan vidareutvikla dei primærfunksjonane
dei har som tenestytarar for eigne brukargrupper, til dømes ved
problembasert læring, e- læringsprogram
og liknande.
- Dernest skal det greiast ut korleis fag- og forskingsbiblioteka som
samfunnsinstitusjonar kan bidra med informasjonsressursar i eit saumlaust
bibliotektilbod.
- Det saumlause biblioteket må konkretiserast i ei utreiing om
bibliotek som læringsarena i eit samarbeid mellom
folkebibliotek, skolebibliotek og bibliotek i høgare utdanningsinstitusjonar.
Spesielle tjenester
- Det skal gjerast ei samla kartlegging av behovet for ein del spesielle
bibliotektenester som staten i dag har heilt eller delvis ansvaret
for, m.a. for å vurdera om noverande ansvarsdeling og organisering
av tenestene samla sett er optimalt rasjonelle og brukartilpassa.
|