Innhald:

Bokmeldingar:

Helga Gunerius Eriksen og Kristian Finborud: Eg øver meg, eg øver meg

 

Artiklar:

Barne- og ungdomslitteraturen i L97

HELGA GUNERIUS ERIKSEN OG KRISTIAN FINBORUD:

EG ØVER MEG, EG ØVER MEG

Når Eg øver meg, Eg øver meg av Helga Gunerius Eriksen og Kristian Finborud har fått prisen som beste BOK I BILETBOKKLASSEN, er det ikkje berre på grunn av dei fine bileta til Kristian Finborud. Teksten har òg sin store del av æra for prisen. Rettast er det vel å seie at det er den integrerte heilskapen mellom tekst og bilete som har gjort at vi har valt ut denne boka. I ei god biletbok som denne er, spelar nemleg bilete og tekst saman, dei utdjupar, utvider og utfyller kvarandre slik at heilskapen blir noko meir og større enn summen av delane.

Eg øver meg, eg øver meg har sosialisering som tema. Boka handlar om ein liten gut som øver seg på på alt det livet krev av han. Med humor og spenst viser teksten og bileta denne øveprosessen.

Gjennom eit enkelt og konkret språk blir alt det ein må øve seg på å meistre når ein skal vekse opp gjort synlege. Det første "eg" i boka må lære å meistre er å stå opp om morgonen. Og at det er vanskeleg, veit vel alle. Øving må altså til. Slik gjer "eg" i boka det:

"Om morgonen øver eg meg på å stå opp or senga. Det er ikkje enkelt, for dyna held meg fast. Ho er nok lett, men ho tyngjer meg ned mot lakenet. Ho ligg rundt heile kroppen og er varm og mjuk. Puta held meg og fast. Ho dreg litt i håret mitt når eg prøver å løfta hovudet. Augneloka fell ned kvar gong eg heiser dei opp. Draumane held fram enda eg er vaken. Det er lettare når ein sprett opp enn når ein berre kryp. Det gjeld å stå opp med den rette foten først. Eg øver meg kvar morgon, eg."

På ein slik leikande humoristisk måte blir vaksenlivet synleggjort. Modellane for eiga handling blir nemleg henta der:

Fleire gonger om dagen øver eg meg på å eta. Då må eg sitja i ro ved bordet.

---

Mor er ikkje så god til å sitja i ro. Ho sprett opp og ned og hentar kaffi eller poteter. Far er den flinkaste til å sitje stille når han et. Eg øver meg så eg skal bli like flink som han.

Slik viser teksten i eit underfundig spel mellom alvor og leik at kvardagen ikkje er så kvardagsleg og sjølvsagt, men full av spenning og merkelege uforståelege handlingar. Gjennom friske barneauge ser teksten på vaksenverda og får den beskyttande hinna som rutinen legg over kvardagen til å forsvinne.

Den høyrer til i ei barnebok og er solidarisk med barnet, men lik alle tekstar med kvalitet har den denne mest magiske dimensjonen som gjer at ulike aldersgrupper kan finne noko til seg i den. Skraper ein litt på overflata, kjem det fram stadig djupare lag - , lag som har noko å seie til menneske i alle aldrar. Og når biletboka ofte er møtestaden for lesande vaksne og lyttande barn er dette ein vesentleg kvalitet. Både bileta og teksten i denne boka kan slik vere utgangspunkt for utviklinga av livserfaringar mellom barn og vaksne.

 

 

"Og fordi dei har gått på lærarskulen, har dei høyrt om Rasmus Løland og Hans Aanrud, og det må da også barn gjere"

Barne- og ungdomslitteraturen i norskfaget i L97

I dei 25 åra mellom 1970 og 1995 kom det ut fleire barne- og ungdomsbøker enn i dei 200 åra denne litteraturen er blitt gitt ut i Noreg. Lærarane har altså nok å velje mellom når denne litteraturen skal formidlast på skulen. Eller kanskje er det slik at det ikkje er lærarane som vel, men at det heller nokre få som styrer lesinga av barne- og ungdomsbøker på skulen, nemleg lesebokforfattarane eller rettare sagt antologiredaktørane.

At også dei er styrt, viser godt igjen på skulebøkene. Den nye norske barnelitteraturhistorien konstaterer dette lakonisk på denne måten: "Men den sterke styringa som ligg i læreplanane fører til at dei ulike verka har blitt etter måten like". Felles for tekstutvalet i lesebøkene på 70-talet og fram mot i dag har også vore ei prioritering av notidig barne- og ungdomslitteratur. Dette må forståast på bakgrunn av den sterke vektleggjinga og verdisentringa av eleven som barn i skulen i desse åra.

Den danske barnebokforskaren Torben Weinreich peikar også på den sterke innvirkninga eller styringa skulen som formidlingsledd har på barne- og ungdomsboklitteraturen. Den bestemmer ikkje berre kva som skal skrivast og lesast, men også korleis det skal skrivast. Dette er sagt om dansk skole der ein kan finne dette gjennomslaget tydelegare på grunn av den sterke utbyggjinga av skulebibliotektenesten i det danske bibliotekvesenet. Ein kjøper nesten ikkje barne- og ungdomslitteratur i Danmark, men lånar heller denne litteraturen i ulike styrte samanhenger, oftast i undervisningssamanheng.

Korleis er det med relasjonen skule og barne- og ungdomslitteraturen hos oss? Norsk barnelitteraturhistorie meiner at Weinreichs karakteristikk i grove trekk er dekkjande for mykje av den utviklinga som har gått føre seg her heime. "Motoren ligg i skulens læreplanar." (s.398)

Samanhengen mellom bruken av barne og ungdomslitteratur i skolen og nyskriving av slik litteratur gjer at L97 får status som eit styringsdokument med rekkevidd langt ut over skolen og den innegjerda skolegården. Det er heller ikkje vanskeleg å sjå at L97 allereie har påverka litteraturutvalet i nyutgjevne lesebøker ved dreiinga mot den historiske tradisjonen som L97 representerer.

Litteraturens funksjon i L97

Bruk av litteratur i skolefaget norsk blir grunngitt i innleiinga til norskplanen i L97 med ei vid forståing av kva funksjon litteraturen har; både etiske, estetiske og pedagogiske argument er med. Den pedagogiske grunngjevinga ser litteraturen eksplisitt som eit pedagogisk instrument: "Forteljingar, litteratur og dikting er ikkje berre lesestykke, men også lærestykke fordi vi møter situasjonar, lagnader og val som verkar formande på vår eigen karakter - ja, på karakteren og psyken til alle dei som les dei same tekstane". Begrepet "lærestykke" knyter L97 til ei klassisk forståing av forholdet mellom litteratur og liv. litteraturen skal lære eleven korleis han skal leve. Innleiinga til norskplanen seier ikkje eksplisitt korleis ein skal leve eller kva skolen vil oppnå med å bruke litteratur som eit pedagogisk instrument. To mål ligg likevel implisitt gøymt i formuleringane: "formande på vår eigen karakter" og "dei same tekstane". "Formande på vår eigen karakter" viser til litteraturen som identitetsdannar og i "dei same tekstane" finn vi den nasjonalistiske grunngjevinga for litteraturarbeidet i skolen; Les vi dei same tekstene vil vi dele same verdigrunnlag, utvikle same identitet, den norske identiteten.

Dei tekstane som skal danne den "samanbindande krafta i samfunnet" slik L97 formulerer det, vil samstundes gje oss ei forståingsramme for den norske identiteten slik L97 oppfattar den. Den barne- og ungdomslitteraturen som blir nemnt i L97 vil vere ein nøkkel til forståinga av kva eit norsk barn eller ein norsk ungdom er eller rettare sagt bør vere etter L97.

Littertur, ikkje barne/ungdomslitteratur og litteratur

På det overordna nivået i norskplanen i L97 kjem det klart fram at planen ikkje oppfattar barne/ungdomslitteratur og vaksenlitteratur som to ulike litterære system, begrepet barne- og ungdomslitteratur er ikkje brukt der. Slik fører L97 vidare den inkluderande bruken av begrepet litteratur frå M74 og M87 ved å ta som sjølvsagt at litteratur også omfattar litteratur skrive for barn og unge. Det kjem eksplisitt fram under hovudmomenta på dei ulike klassestega. Der går det klart fram at barne- og ungdomslitteratur er ein viktig del av den litteraturen som skal brukas i det som planen kallar opplæringa.

Men trass i dette er det også tydeleg at planen ser tilhøvet mellom barne/ungdoms og vaksenlitteratur i eit progresjonsperspektiv. På småskolesteget er begrepet barnelitteratur brukt, på mellomsteget barne- og ungdomsbøker og ungdomsromaner mens det for ungdomssteget heiter litteratur. Denne progresjonstenkjinga bestemmer tida for overgangen til vaksenlitteratur i 8. klasse. Det er ikkje vanskeleg å grunngje ei slik haldning med tradisjonelle didaktiske argument. Likevel er det viktig å spørje om ikkje L97 eksplisitt gir avkall på ein lesemotiverande faktor ved å la ungdomsboka eller ungdomsromanen forsvinne til fordel for vaksenlitteraturen på ungdomssteget. Mykje av nyare såkalla ungdomslitteratur ligg nettopp i eit glidande forhold mellom ungdoms- og vaksenlitteratur, ofte ved å problematisere begrepet ungdom.

Ein annan, kanskje litt spesiell litteraturkategori, som ofte blir plassert under barnelitteratur, nemleg biletboka kan kome i klemme ei progresjonstenkjing. Rett nok blir biletboka nemnt som del av litteraturutvalet opp til 8.klasse i L97, men biletboka er eit spennande blandingsmedium som må kunne brukast på alle klassesteg. Slik kan skolen eksplisitt ta i bruk og utvikle vidare mykje av den kompetansen dei unge lesarane har for å lese tekst og bilete saman. Store delar av kommunikasjonen i vår tid foregår jo ved hjelp av samanstillinga mellom bilete og tekst.

Den barnelitterære kanon

Norskplanen i L97 skil seg frå norskplanen i M87 ved at den er meir forpliktande og styrande. Dette kjem til uttrykk på mange måtar, i vår samanheng er opplistinga av forfattarar på dei ulike klassestega interessant. Tilsaman dannar desse forfattarane ei liste over det den generelle delen av L97 kallar "klassikerne i litteraturen" og som igjen her blir definert som ein viktig del av våre felles "referanserammer" eller felles "plattformer for forståelse". Norskplanen i L97 viser kven klassikarane er og gjer med dette vår litterære kanon eksplisitt eller synleg. Sjølv om det i praksis har eksistert ein slags uformulert litterær kanon for grunnskolen formidla gjennom leseboktradisjonen, har denne opplistinga ein sterk verdi- og normsetjande verknad. I ei postmoderne verdiforståing er likevel absolutte verdiar problematiske, og L97 gjer også forsøk på å reservere seg mot kanoniseringa av desse forfattararane ved å knytte det modifiserande uttrykket "til dømes" til alle forfattarnamna, unntatt til Henrik Ibsen.

Men trass i bruken av "til dømes" opprettar L97 ein nivåskilnad mellom dei forfattarar som er nemnt ved namn og dei som kan takast med i opplæringa gjennom mindre forpliktande sekkeomgrep som "nyare barnelitteratur" eller "eit rikt utval av barnelitteratur". Denne nivåskilnaden vil sannsynlegvis kunne gjenfinnast i skiljet mellom "obligatoriske" og "ikkje obligatoriske forfattarar" i dei lesebøkene eller litterære antologiar som blir utgitt og godkjent etter L97. Reint konkret vil det seie at ein ikkje vil kunne finne ei lesebok for andre klasse utan tekstar av Thorbjørn Egner som obligatorisk forfattar fordi han er ein av dei forfattarane som er nemnt under dette klassesteget. Men medan dette ikkje vil representere noko nytt, vil plasseringa av forfattarnamnet Barbara Ring i 5. klasse i L97, sannsynlegvis bety bety innlemming av nye tekstar i høve til leseboktradisjonen.

Kanonrekkja i L97 er det pedagogiske instrumentet eller det eksempelmaterialet L97 tilbyr lærarane og elevane som handlingspotensiale i den nasjonale identitetsdanninga. Det er derfor interessant å vurdere den barnelitteraturen som blir trekt fram der. L97 namngir 49 skjønnlitterære forfattarar. Av desse er det 13 som anten kan kategoriserast som barne- og ungdomsbokforfattarar (her forstått som forfattarar som eksplisitt skriv med barn eller unge som primærlesargruppe) eller så er det forfattarar som både skriv for barn, ungdom og vaksne, men der L97 legg mest vekt på den barne- og ungdomsboklitterære delen av forfattarskapet. Desse 13 er, som før nemnt, plasserte på småskulesteget og mellomsteget.

I alfabetiske rekkjefølgje finn vi desse forfattarane: H. C. Andersen, André Bjerke, Roald Dahl, Thorbjørn Egner, Inger Hagerup, Tove Janson, Astrid Lindgren, Rasmus Løland, Margrete Munthe, Regine Normann, Alf Prøysen, Barbara Ring, Anne Cath Vestly, Dikken Zwilgmeyer og Hans Aanrud. I tillegg til desse forfattarne er det to kategoriar til som høyrer med til den barnelitterære kanon i L97. Den eine er forteljingar frå Nordahl Rolfsen og eventyr frå Asbjørnsen og Moe og brørne Grimm. Den andre kategorien omfattar tre bøker der berre titlane er nemnt, ikkje forfattarnamna, rett nok også her med det modifiserande "til dømes" framfor: "Robinson Crusoe", "Huckleberry Finn" og "Heidi". Slik vil L97 utvide det nordiske perspektivet og knytte samanhengen mellom vår kanon og den vesteuropeiske litterære tradisjonen.

Ser vi på forfattarnamna, er det lett å fastslå at dei fleste representerer det vi kan kalle den klassiske barnelitterære tradisjonen, forstått som fortidige forfattarar. Berre tre av dei er nolevande, Astrid Lindgren, Tove Janson og Anne Cath. Vestly, og felles for dei er at dei skriv i sluttfasen av eit langt forfattarskap. Slik stemmer den barnelitterære kanon med den vaksenlitterære, det er flest avdøde forfattarar med.

Det er sjølvsagt lettare å synleggjere ein tradisjon som kan dokumenterast gjennom litteraturhistorie og lesebøker/tekstantologiar enn å hente inn tekstar av nye og enno skrivande forfattarar. Dessutan er lett å vere einig i den dreiinga mot tradisjonen som L97 representerer. Skolen skal vise den litterære tradisjonen og samanhengen i barne- og ungdomslitteraturen som ein felles "plattform for forståing" samtidig som skolen også viser fram denne litteraturen som historiske lærestykke, tekstar til innsikt og forståing av korleis det var å vere barn og ungdom tidlegare. Men L97 framhevar også litteraturen som lærestykke i dag. Det må bety at barn og ungdom har behov for litteratur som gir dei eit estetisk uttrykk for deira mangfald av livssituasjonar i dag og gjennom det også ord til å formulere eigne opplevingar og refleksjonar med eller tekstmodellar til fortolkning og forståing av seg sjølv og eige liv. Skal dei få det, må ikkje opplistinga av kanon i L97, bety at det blir mindre av dei "ikkje-obligatoriske" nolevande forfattarane i den nye lese- og litteraturantologiane. Etter Torben Weinreichs forståing av tilhøvet mellom skole og barne- og ungdomslitteratur, vil minking i bruk også bety at det blir skrive mindre.

Opplisting av ein kanon betyr alltid ei prioritering. Det vil alltid kunne stillast spørsmål til utvalet ut frå kriterium som td representativitet og kvalitet. Aslaug Nyrnes hevar at dei som har laga kanon i L97 har blanda saman kva ein lærar skal vite om historisk barnelitteratur med kva barn bør lese og at det er derfor Rasmus Løland og Hans Aanrud er med. Like relevant er det å spørje om grunngjevinga for at Margrethe Munthe og Nordahl Rolfsen tatt med, Begge desse kan takast som uttrykk for eit ønske om å vende tilbake til ei ordna fortid som motvekt mot vår fragmenterte og postmoderne nåtid. Men det er eit ope spørsmål om det er mogleg eller ikkje minst ønskeleg å bruke Nordahl Rolfsens kanoniserte forteljingar eller Margrete Munthes uproblematiserande moral som eksemplariske tekstar i vår tids identitetsdanning.

Vår litterære kanon er også blitt kalt vår nistepakke. Og å pakke ei sunn nistepakke er ein spesiell norsk kompetanse, spesielt utvikla i nåtida gjennom livsstilsidene i våre dagars massemediaopplæring. Derfor er det relevant å stille spørsmålet: Er nistepakka for sunn? For kanskje er det slik at den barnelitterære kanon i L97 er for sunn, for mykje nyttig, for lite farleg, for mykje prega av den realistiske forteljingsmåten. Felles for mange av dei opplista forfattarane er ein realistisk skrivemåte. Den realistiske forteljinga er forstått som den "normale" forteljemåten. Det kjem tydeleg fram ved at brotet på den realistiske skrivemåten blir framstilt eksplisitt som eit krav om fantastisk litteratur i 4. klasse. Der heiter det: "I opplæringa skal elevane møte fantastisk litteratur av nyare dato, t.d. av Tove Janson og Roald Dahl." Kva vil det bety at L97 held fast på realismen som norm for unge lesarar i dag, gir det modellar og språk som kan brukast til å beskrive og forstå verda og livet med? Kvifor er det fantastiske, ikkje-realistiske eksplisitt framheva som noko spesielt, ikkje ein skrivemåte som kanskje står i eit nærare forhold til fragmenteringa av livsverda i dag enn fasthaldinga av det realistiske som norm? Og kva verknad vil dette få for den barne- og ungdomslitteraturen som blir skriven i dag?

Eg gjer L97 urett om eg ikkje tek med at den litterære nistepakka er større enn dei 13 forfattarnamna som er vist til ovanfor. Mange formuleringar i L97 viser det, t.d. slik det står under hovudmomentet: Lese og skrive i 2. klasse: "I opplæringa skal elevane møte eit rikt utval barnelitteratur" eller for 3. klasse: I opplæringa skal elevane lese nyare litteratur av norske, samiske og nordiske barnebokforfattarar og av barnebokforfattarar frå andre land.." Spørsmålet om korleis nistepakka eller det litterære forrådet skal utvidast i praksis ved å trekkje inn eit rikt utval av nyare barnelitteratur blir likevel påtrengande. Presisjonsnivåa i desse uttrykka er lågt, dei er svært tolkbare og derfor står dei på eit anna nivå når det gjeld forplikting enn dei opplista kanonforfattarane. Dette er det elevane skal arbeide med etter dei har tatt for seg det andre, faste og forpliktande. Det er derfor lett å vere uroa for den plassen moderne barne- og ungdomslitteratur kan få i skolen. Likevel er det mogleg å håpe at det er mogleg å handle i eit både og perspektiv i staden for ein dikotomi, der tyngdepunktet no ligg i det historiske.

For sjølv om resultatet av denne språkbruken der den fortidige barne- og ungdomslitteraturen er representert ved konkret opplista forfattarnamn mot den såkalla nyare der det språklege uttrykket er mindre forpliktande, ikkje nødvendigvis treng å bety ei forskjellsbehandling i praksis, er det viktig å peike på at kunnskapsnivået til læraren om nyare barne- og ungdomslitteratur er avgjerande for utvalet av den litteratur som blir brukt i skulen. Det betyr at den barnelitterære kanon i lærarutdanninga må innhalde ei eksplisitt forplikting når det gjeld ny og nyare barnelitteratur i tillegg til den historiske lista, gjerne representert ved både Rasmus Løland og Hans Aanrud.

 

Meldingar av barnelitteratur

 

"Trampoliner for fantasien": Det var ein gong for lenge, lenge sidan….

Sabeltanntigeren av Sigmund Doksum, illustrert av Tor Lindrupsen

Beowulf av Tor Åge Bringsværd, illustrert av Arne Samuelsen

Trollkjerringa i Hausafjellet av Ingunn van Etten, tekt og illustrasjonar

Alle desse tre biletbøkene har eitt til felles, så ulike som dei enn er: Dei hentar spennande forteljingar frå det store forteljingsreservoaret som fortida utgjer. Sigmund Doksum går lengst tilbake i Sabeltanntigeren som opnar slik: "En gang for mange tusen år sidan står en mann alene nede i en stor og åpne hule". I Beowulf av Tor Åge Bringswærd blir eit gammalt angelsaksiske heltekvad frå 700-talet gjenfortalt medan Ingunn van Etten tar opp ei gammal segn frå 1620 i Trolljerringa i Hausafjellet.

Sigmund Doksum fortel ei todelt historie i biletboka Sabeltanntigeren. Første delen handlar om mannen som ein gong måla sabeltanntigeren på veggen i ei steinhole; Andre delen fortel om guten som finn teikningane mange tusen år seinare. Far-son forholdet bind dei to delane tematisk saman.

Som heilskap er boka eit estetisk objekt som det er godt å ta i og bla i. Alt er vakkert - frå det tynne transparente varebindet utanpå boka til oppslagssidene der tekst og bilete står tett saman og dannar ein heilskap. Men samanhengen mellom dei to delforteljingane fungerer ikkje heilt bra. Den siste delen blir hengande som eit slags pedagogisk postulat. Den første delen er fortalt i presens, og Doksum bruker poetiske verkemiddel som gir teksten akkurat den fantasistimulerande dimensjonen som må til for at lesaren skal kunne møte mannen som ein gong måla sabeltanntigeren på veggen i ei steinhole. Den siste delen som festar holemåleriet i notida, er fortalt i preteritum og blir berre ei flat forteljing om ein søndagstur der noko underleg hendte. Slik skurrar forteljingane mot kvarandre i staden for å utdjupe kvarandre.

Illustrasjonane som er laga av Tor Lindrupse, stør opp om den poetiske dimensjonen i boka. Dei er med på å halde dei to delane av forteljingsteksten saman slik at boka likevel fungerer som ein heilskap. Tekstane er montert på eit underlag som vekslar i nyansar av brunt, det illuderer godt som holeveggen. Sjølve handlingsgangen i forteljingane er illustrert med svart-kvitt scrape-board.

Dette er ei biletbok for både barn- og vaksenlesaren. Teksten rettar seg nok til barnet, redd for ikkje å få fortalt tydeleg nok, men bileta tar også høgd for den vaksne lesaren. Samla er det blitt ei fin bok som formidlar innsikt om menneskeleg felleskap over store tidsrom.

Beowulf er den tredje boka i Mimeserien som Tor Åge Bringswærd skriv for Gyldendal. Serien skal ta for seg gamle tekstar, mytar, legender, segner og eventyr frå heile verda. Bøkene har alle eit kort forord som set den gamle teksten inn i ei historisk samanheng samtidig som det gir ei slags fortolking. I Beowulf heiter det: "Kvadet vil fortelle oss at Livet er kort, at Døden puster oss i nakken, men minnet om den modige - og rettskafne vil leve lenge, lenge i landet."

Bøkene har også eit etterord som fungerer både som ei historisk og tekstleg forankring av forteljinga med kommentarar til enkeltelement i teksten. I Beowulf er desse kommentarane er skrivne slik at barnelesaren både blir tatt på alvor og forstår innhaldet. Spennande er det også å bli tatt med så å seie inn i skriveprosessen der Bringswærd både gjer greie for og kommenterer dei kjeldene han har brukt, noko som også inkluderer internett- link til The Electronic Beowulf Project. Brukt i ein skulesamanheng kan dette fungere som ei slags rettleiing i kjeldebruk og vil stimulere mange elevar til meir arbeid både om Beowulf og andre mytar.

Det gamle heltekvadet om Beowulf er spennande, fullt av uhyggelege og dramatiske hendingar lagt til det som eingong var Sverige og Danmark. Og gjenforteljinga til Brinswærd tar vare på både poesien og magien i den gamle forteljinga. At han har behalde dei gamle og vanskeleg namna, held lesaren fast i det fantasiromet som teksten opnar. Vi møter Hretel, Herebald, Heaethcyn , Hygd og Hygelac, Breca og det fryktelege uhyret med namnet Grendel som betyr " den som knuser og knaser sine ofre".

Bringsværd gjenfortel det gamle kvadet i ein slags rytmisk prosa. Den effektive tekststruktureringa og fordelinga av teksten på sidene aukar spenninga. Når teksten på ei side berre fyller ein tredel av den kvite flata og stoppar med orda: "Hun så…", fungerer det både spenningsaukande og fantasistimulerande: Lesaren kan fylle resten av sida med eigne tankar, stoppe ved biletet av dronning Hygd som er "hun", samtidig som lysta til å lese vidare og få vite meir, styrer bladinga til neste side.

Illustrasjonane til Arne Samuelsen utfyller og utdjupar både poesien og det mytiske. Dei er måla i djupe, metta fargar på lerret, store og sanselege. Dei følgjer teksten, men legg også til element som både intensiverer stemninga og gjer den draumeaktig. For meg bikkar dei av og til over i det melodramatiske, men slik trur eg ikkje dei vil fungere for eit barn eller ein ungdom.

Som heilskap er dette ei allaldersbok, både tekst og bilete har noko å gje lesarar i alle aldrar. Saman gir dei ei opning inn til ei myteverd der verdiar blir utfordra og kjempa for. Og der den gode helten vinn det han vil, evig namn og heider -- det dokumenterer både forteljinga og utgjevinga av boka om Beowulf i dag.

I Trollkjerringa i Hausafjell lar Ingunn van Etten lesaren oppleve ei gammal segn om eit stort snøskred som eingong la eit heilt tun i grus. Tekst og bilete driv saman den spennande handlinga framover. Teksten er skrive slik barn sjølv lett kan lese han. Bileta er store, fargerike og lett naivistiske, og gir rikt høve for barn å stoppe opp ved enkeltepisodar og utfylle dei vidare ved hjelp av eigen fantasi. Små detaljar i bileta legg opplysningar til teksten og førebur framtidige hendingar. Eg trur mange barn vil ha glede av å følgje den svarte kråka som dukkar opp på fleire bilete.

Bringsværd har sjølv samanlikna eventyret med eit tre som er til å klatre opp i for å få oversikt når ein har gått seg vill. Desse tre bøkene konkretiserer fint denne samanlikninga; gjennom forteljingar frå fortida gir dei oversikt og perspektiv på vår eiga verd for både små og store lesarar. Og derfor er det ikkje meir enn rett enn at det siste biletet i to av dei, nettopp er av eit tre. Det kan då ikkje berre vere tilfeldig …

 

Øystein S. Ziener og Stina Langlo Ørdal: "Så innmari en sykkel"

Så "Innmari en sykkel" viser fram kor altoppslukande intenst eit ønskje er. Jenta som vi møter i boka gjennom tekst og bilete, fyller snart fem år. Og for den dagen gjeld berre eit ønskje:

"Hun ønsket seg en sykkel så innmari at det ikke gikk an.

Hun ønsket seg en sykkel så hun fikk mageknip i stortærne.

Hun ønsket seg en sykkel så hun fikk hjertebank i fingertuppene.

Hun ønsket seg en sykkel så hun fikk hodepine i baken"

Så vondt og så godt er det å la eit stort ønskje bere seg gjennom dagane. Sitatet viser også eit karakteristisk trekk ved teksten i denne boka. Øystein Ziener har skrive i eit poetisk, men samtidig konkret språk om korleis dette sterke ønsket oppløyser skiljet mellom det fantastiske og det verkelege. "Drømmen drømte seg selv", heiter det i innleiingsteksten til boka. Og teksten seier noko om korleis drømmer blir til: "Drømmene var det man nesten holdt på å si, men så sa man det ikke likevel"

Det er den snart fem år gamle jenta som har forteljarsperspektivet; det er hennar tankar, hennar draumar og hennar kvardag vi blir tatt med inn i. Ytre sett er det ein enkel tekst, språket hentar bilete frå gjenkjenneleg kvardag: "Morgenen var melk i munnen og en skive med bringebærsyltetøy" . Men den tette poetiske organiseringa av teksten opnar også for større perspektiv. Slik får teksten sagt noko om eksistensielle vilkår, om å leve saman med andre, og samtidig vite at det finst eit rom heilt for ein sjølv der draumane finst.

Heilskapen i denne boka er sterk. Formgjevinga av sidene oppløyser grensene mellom tekst og bilete på ein vakker og leiken måte slik at historia blir fortalt nettopp gjennom heilskapen. Teikningane er like sterke og intense som ønsket. På eit av oppslaga i boka strålar den raude sykkelen Emila på ein bakgrunn av mangfaldige raude nyansar, ja raudt, mot lesaren. Stina Langlo Ørdal bruker mange ulike teknikkar, både teikning, måling og collage. Nokre av teikningane liknar barneteikningar, andre vrir perspektivet, andre teiknar orda som delar av bileta.

Dette er ei bok til å gå inn i, leve i og gle seg over. Det er ei bok å lese for barn, saman med barn og som vaksen åleine. For å nærme seg, kanskje også oppleve eit fullstendig livsnærvær, den salige gleda då ein var heilt fylt. Kanskje kan dette kallast lukke?

 

 

Ingvild Røstbø Kausland og Jens Kristensen: Veldig blå

"Veldig blå" er ei magisk forteljing fortalt i ein tett og fin heilskap mellom tekst og bilete med eitt brot. Teksten glir uanstrengt mellom realisme og fantasi. Både tema og motiv er velkjende og velbrukte. Forteljinga handlar om den vesle guten som sansar at det foreldra har problem og som derfor går inn i si magiske verd gjennom gyngehesten sin. Set han seg på ryggen av han, kan han ri langt, langt bort:

"Når me er triste, rir me langsmed sjøen, på ei strand med store havslipte steinar. Er me glade begge to, kan det hende at me rir så rasande fort at me lettar og fyk, opp over tretoppane, høgt over hustaka"

Men når hesten og blir trøtt av den dagleg rutinen, gynginga som kanskje også mora er når ho tek ein tur til byen, må guten gripe inn. Han forvandlar gyngehesten til ein verkeleg hest som galopperer i måneskinet – og mor og faren listar seg saman inn på sitt eige rom når mora kjem heim frå byen. Alt går godt – slik vi så gjerne vil det skal gjere.

Bileta i denne biletboka bryt det velkjende; dei gjer boka spesiell. Dei er store med djupe svartmetta fargar slik at den fantastiske dimensjonen i teksten blir til å tru på. Eg har berre ei innvending; Hesten er jo ikkje blå. Jo litt blå. Men ikkje nok. Ei lita jente som eg las boka for, bladde og bladde i boka for å finne den veldig blåe hesten. Men fann han ikkje. I eit perspektiv er dette ein bagatell, men for den primære adressaten for boka, barnet, blir det eit feil signal. Tekst og bilete motseier kvarandre.

 

 

Spennande og uimotståelege bøker: Nordiske prisvinnarar i Nordisk barnebokkonkurranse 1999

Dei tre bøkene som her skal omtalast, er dei tre vinnarbøkene i ein nordisk barnebokkonkurranse. Den norske vinnaren er Rønnaug Kleiva med: Kjærleik på pinne frå Ouagadougou, den svenske vinnaren Cecilia Modig med Den mørke skogen og den danske vinnaren Hanne Kvist med Guten med sølvhjelmen.

Initiativet til denne konkurransen vart tatt av Det Norske Samlaget i samarbeid med Forlaget Forum i Danmark og Bokforlaget Natur og kultur i Sverige. Bakgrunnen for konkurransen var dei ferske undersøkingane som viser at barn les mindre skjønnlitteratur enn før. Utfordringa var å enkel å uttrykkje, vanskeleg å realisere: nemleg "å skape spennande og uimotståelege bøker for lesarar i aldersgruppa 9-11 år."

Eg har ingen problem med å vere einig med juryen i valet av prisvinnarar, dette er spennande og kvalitativt gode bøker. Om dei er uimotståelege for lesararen mellom 9 og 11 år er vanskelegare å seie. Alle tre bøkene heldt likevel meg som vaksenlesar i eit fast grep kvar på sin måte, forteljingane lukka meg ute frå den regnevåte Hellaspåsken her er sit og skriv, og eg gjekk viljug innover i dei stiane teksten opna for meg. Ulike stiar i dei tre bøkene, men alle laga slik at både vaksne og barneføter kan lese seg fram på dei.

I det siste er det med styrke blitt hevda at kritikarroste barnebøker ikkje er for barn, men for vaksne på leit etter barnet i seg. Sjølv om dette er eit interessant perspektiv for vurdering av barnelitteratur - og nok kan vere relevant for ein del bøker i dag, ser eg ikkje at desse tre bøkene blir råka av ein slik kritikk. Meir er det heller slik at tekstane kan lesast på fleire nivå slik at både den vaksne og den barnlege lesaren får sitt. Bøkene dveler på dei rette stadene i forteljingsskogane som vi med skrekkblanda glede gjerne lar oss oppsluke av.

Når ein som Umberto Eco ser skogen som ein svært relevant metafor for teksten er det verd å leggje merke til at to av desse bøkene lar skogen, den mørke skogen, vere staden der forteljinga utfaldar seg. I den tette teksten må lesaren opne stiane med eigen fantasi, i den mørke skogen blir livet utfordra. "Når skogen er mørk, er han svært mørk", står det i Guten med sølvhjelmen. Og det er i denne skogen at hovudpersonen møter den endelege prøva åleine: "Berre meg sjølv , einsam i skogen med dei mørke skuggane og det hemmelege livet" tenkjer Ademir i Den mørke skogen.

Alle tre prisvinnarane er kvinnelege forfattarar. To av dei har gutar som hovudpersonar, den norske har ei jente: "som ei katte, katt ja! Katja!" Katja er eg-forteljar i boka som så definitivt er for jente-lesarar. Men sjølv om hovudpersonane i dei to andre bøkene er gutar, er dette også bøker for jentelesarar. Det er ikkje vanskeleg for jenter å identifisere seg med eller lese seg inn i Ademir og Jon, dei to gutane som utfaldar den mjuke, kall det gjerne den feminine sida av seg sjølv ved å ta vare på andre og veks på det. I Den mørke skogen møter vi Ademir som saman med mor si har flykta frå krigen i Bosnia og no bur i Alby utanfor Stockholm. I Guten med sølvhjelmen er det Jon som er hovudpersonen, Jon som har ei nyfødd veslesyster med svarte venger.

I den danske og svenske boka ligg spenninga mest på det ytre planet, vi blir sugne inn i ei spennande hending. Men for den vaksne lesaren i alle fall korresponderer denne ytre spenninga fint med ei intens indre utvikling. Spesielt gjeld det Guten med sølvhjelmen som uanstrengt blander fantastikk og realisme.

Denne boka er også utstyrt med vignettar laga av forfattaren som også har laga omslaget. Vignettane er kunsterisk fine, men kanskje for små og grumsete for lesarmålgruppa. Men dette er inga innvending mot boka; teksten fungerer godt nok åleine. Effektivt og ja faktisk uimotståeleg blir lesaren dregen inn i den spennande forteljinga som opnar sterkt og kontant: "Veslesyster til Jon hadde venger då ho vart fødd. Jon såg det sjølv".

Og så får vi forteljinga om Jon og den merkelege veslesystera hans. Det kunne vore ei historie om søskensjalusi, Jon var ikkje særleg glad for at ho skulle kome. Ikkje hadde han blitt spurt heller. Men det blei forandra då han heldt henne i armane. Ho var annleis: "Huda hennar var så kvit: Den var gjennomsiktig, så ein kunne sjå dei blå blodårene som snodde seg under huda. Ho var varm. Det er nett som å halde ein bikkjekvalp". Jon hadde ønskt seg hund, men ikkje fått.

Men foreldra hans er ikkje like glade for Liv som Jon kallar henne. Dei vil halde fram med det vanlege livet, eit nytt barn skal ikkje skiple det; mora gir Liv flaske medan ho les Se og hør og faren distanserer seg frå barnemaset, ser på slanke TV-vertinner, og meiner at Liv liknar på ein kylling i ein frysedisk. Bandet mellom Jon og Liv blir sterkare då ho flyttar inn på hans rom; det er mest praktisk å ha alt rotet med barn samla på ein stad, meiner mora. Men gleda Jon føler ved dette, tek brått slutt ved at foreldra sel Liv til Barnetenesta som tek seg av barn som er annleis, barn som t.d. har venger. Og så må Jon ta på den sølvgrå plasthjelmen med venger og dra ut for å redde Liv. Helten Jon veks fram; insisterande held han ut all motgong. Han syklar av garde med den blå kassen til å ha Liv i på bagasjebrettet, oppsporar kontoret til barnetenesta i eit trøystelaust industriområde der dei vaksne er fientlege og murane er spraya med orda: Kaos, kaos, kaos. Jon har tatt på seg oppgåva å ordne kaos. Han finn ikkje Liv der, men får seg ei hjelpar, den tjukke Michum med griseauge og to svarte fletter nedover ryggen. Saman dreg dei ut på den store reisa for å hente Liv.

Jon lukkast med det og, men først må han sjå seg svikta av Michum som ei stund heller vil drikke øl enn hjelpe han. Jon går inn i den mørkaste skogen, bryt seg inn på i eit mystisk hus og får hjelp av Jordhunden som han dikta ein gong. Jon finn Liv saman med mange andre barn i små senger der, dei skal vengeklippast av ein gal vitskapsmann. Jon hentar Liv og ser dei andre fly sin veg. Både den gale vitskapsmannen og Michum døyr til slutt, Michum med hjelmen på hovudet og armen til Jon rundt seg. Og så kan Jon dra heim med Liv. Eller kan han det? "Det var tomt i hovudet og hjarta hans. Det var langt heim: Han kunne sykle mot nord, sør, aust eller vest. Så store skilnaden var det ikkje". Slik dementerer boka det barnelitterære mønsteret med trygg heimkomst etter at alle problem er løyste. Jon er framleis heimlaus, foreldra til Jon er dei same. (dei sit sikkert og drikk frokostkaffi med frokost Tv på og er glad for at ingen står i vegen slik at dei kan sjå tv-ruta klårt og fint.) Og Jon og Liv, kva med dei: Slutten er open. På siste side står det. "Veslesyster til Jon hadde venger då ho vart fødd. Jon var den første som såg det. Seinare tenkte han av og til på om han var den einaste også"

Slik gjer boka det mogleg å forstå denne forteljinga på mange plan. Ein kan lese den som forteljinga om Jon, det uskuldige og gode barnet som reddar og tek vare på dei som er annleis, dei som ikkje passar inn i den effektive verda der alle skal vere like. Men det kan og lesast som det eventyret det er om den vesle guten med den magiske hjelmen som reddar den vesle prinsessa frå trollet. Kanskje møtest dei to lesemåtane for alle lesarar, både vaksne og barn. For den vaksne lesaren er det mange morosame intertekstuelle referansar; for barnelesaren er det ei sugande spennande forteljing der alt er mogleg.

Det biletrike og knappe språket gjer at blandinga mellom realisme og fantastikk fungerer utan bristar. Slik kjem den tenkte hunden til hjelp for Jon i den mørke og smale gongane i det farlege huset: "Men nett no hadde Jon bruk for hunden. Og så var han der. Jordhunden stod ved sida av han, og han kjende den magre sterke, kroppen inntil låret sitt. Hunden stødde seg litt mot Jon og ville liksom at han skulle vere roleg: Det er hos deg eg høyrer til. Vi skal gjera dette saman. I den høgre handa si kjende han den store fuktige snuten, den var kjølig og dirra litt for å dra til seg alle luktene. Hunden skulle kjenne alle lukter som fanst rundt dei. Så lenge Jordhunden var hos Jon, kunne ikkje mørkret nå han" Slik fungerer språket skapande både på forteljingsnivået og tekstnivået i denne boka. Måtte mange gutelesarar få lov å kjempe med Jon mot mørke og vonde makter og redde dei vergjelause og slik kanskje få gjere opp med tidlegare tankelause gjerningar mot forsvarslause dyr slik Jon få gjere mot minnet av redde marsvinauge.

På eit plan handlar også Den mørke skogen" av Cecilia Modig om ein gut som tek vare på noko forsvarslaust. Ademir reddar nemleg hunden Maja frå å svelte i hel inne i skogen etter at eigaren er tvangsflytt på gamleheim.

Dette er det spennande elementet i handlinga i boka, men boka gir også eit truverdig og fint bilete av Ademir si oppvekst i Sverige. Ademir kom til Sverige som flyktning saman med mor si tre år gamal. Langsamt og roleg gir boka frå seg biletet av Ademir, ein tenksam gut som seier om seg sjølv at feilen med han er at han aldri ler.

Vi møter han på skulen der han berre tenkjer på korleis han skal sleppe å bli med i sommarhuset til Arne, den nye mannen til mor hans og dei tre ungane hans. Det er Ademir sjølv som fortel; gjennom eg-forteljaren ser vi den nye heimlandet med hans auge. Mest av alt er Ademir redd for at nokon skal kome nær, for nær. Og det gjer Arne på sin velmeinande måte gang på gang. "Arne liknar på huset sitt, synes eg . Liksom open og lys og velstelt og praktisk. Det er ikkje noko i vegen med han, berre han ikkje trenger seg på og prøver å støvsuge meg innvendig og møblerer om med ei mengd lyse og praktiske tankar i hovudet mitt"

Vi får dele dei mørke tankane til Ademir også, om lengten etter den døde faren, tankane om kven som drap han og om faren sjølv hadde drepe. Og spørsmåla som han bare får gråt frå mora son svar på, spørsmåla om mormora og morfaren som også er drepne. Men Ademir kjenner seg svensk, og derfor ber også på redsla for at mora skal gjere det ho snakkar om, reise saman med han tilbake til Slovenia, det landet han berre ser sundbomba og grått gjennom TV-bileta, bilete som er skremmande aktuelle i dag.

For meg som vaksen lesar er vel den langsame og dvelande forteljinga om Ademir og mor hans, forholdet deira og det nye livet i Sverige det beste ved boka. For barnelesaren er nok forteljinga om den mytiske og mystiske hunden i den mørke skogen og løysinga av gåta vel så engasjerande.

Men slik som i Guten med sølvhjelmen viklar teksten dei to plana saman slik at vaksenlesaren og barnelesaren møtest. Inn den spennande forteljinga om den mytiske hunden i skogen møter vi Ademirs tankar om å døy: "Dersom eg skulle døy her midt inne i skogen, tenkte eg, og liktet av meg aldri vart funne, ville revar og skogmus og andre dyr varsamt nærme seg og ete alt på kroppen min som var etande. Så ville det vekse mose over knoklane, og skogen ville stå der akkurat som no, utan å sørge eller hate, berre vekse og puste og rotne bort. Dersom eg skulle døy, ville eg døy i skogen. Ikkje som alle dei som døyr i krigen, jaga og skotne og hakka i filler. Og så kjem det menneske som skrik og græt og krev hemn og meir død"

Eg ser denne boka som tankjevekkjande for dei som veks opp i vårt meir og meir tverrkulturelle Norden. Boka fortel ei historie om den gang alt byrja i bli annleis som Ademir seier, den gongen Ademir kjenner at han har ein plass i Sverige. Men heller ikkje her representerer slutten nokon lettvint harmoni. Men noko er litt betre: mora flyttar ikkje saman med Arne, men dei to familiane har det godt saman. Nokre av klassekameratane plagar Ademir like mykje, men ei jente nærmar seg forsiktig. Ademirs kloke, kanskje altfor kloke erkjenning er at både dei lyse og dei mørke sidene må få vere med i livet.

Er Ademir truverdig, også som formidlar av livsvisdom? Det er alltid eit relevant spørsmål å stille til ei barnebok som lar hovudpersonen sjølv fortelje og reflektere. Ademir vippar nok litt på grensa, men som oftast trur ein på at han har dekning for tankane sine.

I Kjærleik på pinne frå Ougadougou er det også ein eg-forteljar. Det er Katja som bur saman med far sin og har ei mor som er kulturarbeider I Zimbabwe. "Arbeidet er hennar plikt, fortel Katja oss. "Det er svært meiningsfullt". Men under desse orda ligg fortvilinga over at mora har valt vekk henne i dette meiningsfulle arbeidet. Katja seier aldri dette, men underteksten trer klårt fram, tydelegare om den skulle vore skriven. Mora har gitt Katja ein mobiltelefon, men svarar mest aldri når Katja ringer. Ho lovar å kome til Noreg når Katja har det vanskeleg, men det dukkar alltid noko opp som er viktigare. Og korta ho skriv til Katja er fulle av tome ord.

I det norske livet til Katja står sommarferien for døra, og Katja reiser til Sommarhuset med faren og ei ny venninne, Petra. Spenninga i teksten er sentrert i sjalusien Katja føler mot Petra, drivande effektivt vist fram gjennom korte scener og truverdige dialogar.

Heller ikkje denne boka har nokon definitiv løysing i slutten. Rett nok samarbeider Petra og Katja for å feire fødselsesdagen til far til Katja; dei lagar saman eit snop-slott . Men på toppen av slottet plasserer Katja kjærleiken på pinne frå Ougadougou, gåva frå mora til Katja for å skremme også denne dama vekk. På eit vis lukkast katja, snoporgien ender i ei heimreise med taus og kvalm far; Petra vel å sove i eiga leiligheit; Katja får ha faren åleine. Men for Katja sjølv er noko slutt: "Eg ligg og kjenner meg litt annleis enn før. Eg er trist og har vore trist før også, det er ikkje det: Eg veit ikkje heilt kva det er. Som om noko er over, noko er borte, som om eg har mist noko og det er ingen ting å gjer med det. Alt er slik det er"

Katja er klok slik som Ademir og Jon, tre kloke barn som på eit vis ser minst like mykje eller kanskje meir enn foreldra sine. Er prisen for denne innsikta at dei har mist det umiddelbare, det vi vaksne likar å kalle det barnlege? Svaret på dette siste, veit eg ikkje. Kanskje er det barnlege berre noko som berre finst i lukkelege få augneblikk for vaksne og for barn. For meg som vaksen synest det slik no.

Som eg har vist har dei tre prisvinnarane mange fellestrekk. Det siste fellestrekket er den høge språklege kvaliteten. Her er det likevel på plass med litt nasjonal stoltheit. Rønnaug Kleiva skil seg nemleg kvalitativt frå dei andre gjennom det enkle uanstrengte poetiske språket. Dialogen flyt munnleg og naturleg.

Eit lite atterhald må eg likevel ta i for eg baserer vurderinga mi av den danske og svenske boka på omsetjingar, og spesielt i omsetjinga frå svensk er det ein del slurvefeil. Ein biperson blir vekselvis kalla Lisa og Lina, og det er framleis ikkje godt norsk å skrive: "Dei reiser til Hellas for tre veker" (s.24) .